SIM sitt skuleprosjekt
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) inviterer kvart skuleår elevar på fjerdetrinnet til SIM sitt hovudanlegg i Svartasmoget i Fitjar, slik at dei med eigne auge kan sjå korleis avfallshandteringa skjer i vårt distrikt.
• 900 tiåringar (45 klassar) vitjar SIM kvart skuleår
• Omvising på gjenvinningsstasjon, komposteringsanlegg og avfallsplass
• Opphaldet hjå SIM varer ca to timar
• SIM dekker alle reiseutgifter
Skuledagen på SIM:
A) Tidleg opp for å reisa med buss. Ferje over fjorden til Stord. Buss vidare til SIM sitt anlegg i Svartasmoget
B) Omvising på gjenvinningsstasjon. Kundehandsamar Olaf Skram informerer om farleg avfall.
C) Oppgåve: Ser du noko som er feilsortert i denne konteinaren? Elevane har lært mykje og er ivrige etter å svara.
D) Omvising på komposteringsanlegget. Elevane er skeptiske når operatør Einar Breivik spør om dei vil lukta på kompostmolda.
E) Omvising på avfallsplassen.
F) Matøkt med utdeling av Donald Duck, brosjyrar og andre småting.
G) Etter to timar hjå SIM er det heim att med buss, ferje og buss.
Meir informasjon hjå:
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM)
v/Torleiv Agdestein ()
tlf. 53 45 78 59 / 418 53 666




